HEIM > Aktør > Vest-Telemark Næringsutvikling > Aktuelt > Fokus på innovasjon og entreprenørskap under Gründerveka 2015


Næringsutviklingsselskapet for Vest-Telemark

Vest-Telemark Næringsutvikling
Telefon: 952 09 662
E-post: haldor.kaasinSPAMFILTER@vtnu.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Kviteseidgata 18
3850 Kviteseid


Fokus på innovasjon og entreprenørskap under Gründerveka 2015

29 okt 2015

16. - 20. november blir det fokus på innovasjon og entreprenørskap når Gründerveka 2015 går av stabelen i Telemark.

GRÜNDERSKULE

«Ta ideen din vidare»

Vest-Telemark Næringshage, 16. november kl. 17-21.

Vi starter Gründerveka i samarbeid med Innovasjon Norge, og inviterer til gründerskule. Bedrifter og privatpersoner med ein idé å ta vidare vil gjennom ein workshop få hjelp til å arbeide systematisk og målretta med konkrete problemstillingar og moglegheiter de vil møte på som gründer. Dette er ein kveld som vil inspirere til vidare utvikling og som kan forandre framtida di.

Påmelding innan 12. november her.

BIOØKONOMIKONFERANSEN

«Bioøkonomien i Vest-Telemark - eit grunnlag for dagens og framtidas gründerar?»

Fyresdal Næringshage, 19. november kl. 17-21.

Kveldsarrangementet skal vere ein inspirasjonsarena for alle som er interessert i å skape større verdiar av dei bioressursane vi har i regionen. Om det er jord, skog eller ferskvatn – vi har eit potensiale som kan skape større lønnsemd, nye arbeidsplassar og ikkje minst bidra til ei berekraftig utvikling.

Møtet leggast opp som ein uformell arena der vi får ein smakebit frå ulike område av spesialister på sine respektive fagområde. Dette blir ingen foredrag – men meir rein motiverande vekker for alle moglegheiter bioressursane byr på. Me skal ha fokus på forretningsmoglegheiter i regionen vår, og etter kvart få fram konkrete utviklingscasar.

Målgruppa for arrangementet er alle med interesse for næringsutvikling og bioressursar. Gründerar, bønder, entreprenørar, industriaktørar, skogeigerar, næringsutviklarar og ungdom med fleire.

Arrangementet er gratis, men vi ønskjer ei påmelding innan 15. november her.

Program for Bioøkonomikonferansen

Innleiing og velkommen
Olav A. Veum, prosjektleiar for Bioøkonomi Telemark og styreleiar i AT SKOG og Norges Skogeierforbund.

Moglegheitar i Telemark
Hans Jørgen Aase, Fylkesmannen i Telemark.

Ressursane i Utmarka
Tor Gunnar Austjord, dagleg leiar, FAUN Naturforvaltning.

Bioenergi lokalt – Utnytt bioressursen på eigen gard
Kjetil Øi. Prosjektleder, Fylkesmannen i Telemark og Agder.

Gull i innlandsvann – Potensialet for innlandsfiskeoppdrett
Mads Dorenfeldt Jensen, dagleg leiar, Telemarksrøya.

Kjerneved – Eit verdiskapingspotensiale for Telemark
Ole Grimsgard, dagleg leiar, Telemarksbruket Bø.

Innovatørar – kom til oss!
Gry Langbakk, seniorrådgjevar, Innovasjon Norge.

Skogpotensialet i Telemark
Knut Nesland, teamleiar, AT SKOG.

Oppsummering / Diskusjon

16. - 20. november 2015

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V    

Sponsorar



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.