Vest-Telemark Næringsutvikling AS er det regionale næringsutviklingsselskapet i Vest-Telemark. Sidan 1995 har selskapet jobba med regionale utviklingsprosjekt og oppgåver av næringspolitisk karakter. Som regionalt utviklingsselskap har selskapet eit særleg ansvar for å fremje regionens interesser. Dei siste åra har selskapet mellom anna vore ein aktiv aktør innan breibandutbygginga i Vest-Telemark.
Aktuelt
Saman med næringsforeiningane i alle dei store byane i Sør-Noreg arrangerte Vest-Telemark Næringsutvikling eit møte om utbygginga av IC- og høgfartsnettet i samband med NTP 2014-2023 i Oslo den 14. mars.
Den årlege analysa frå Telemarksforsking er her.
Høydalsmo er den siste bygda som har laga seg heimeside innunder Vest-Telemarkportalen.
Hugs at du kan møte Innovasjon Norge i Vest-Telemark. Sjekk turnusen for våren 2013!
I Aftenposten 06.12.2012 går Jernbaneverket ut med forslag om å redusere farten for utbyggingen i IC-området fra 250 km/t til 200 km/t og samtidig legge utbygging av høyhastighetsbaner død. Dette er ikke løsningen, mener 9 av landets næringsforeninger.
Under Vest-Telemarkportalen kan bygda di få nye flotte heimesider. Berre om me dreg lasset ilag kan me klare å formidle alt det fine som finst i regionen vår.
Bedrifter som har forskings- eller utviklingsprosjekt, eller som planlegg å starte slike prosjekt, kan søke SkatteFUNN om godkjenning av prosjektet, slik at bedrifta kan bruke sin rett til skattefrådrag. Søknadsfristen er 1. september. Les meir om ordninga her:
Over 100 lyntogekspertar, politikarar og representantar frå næringslivet var samla til lyntogkonferanse i Oslo fredag 11. mai. Her kan du høyre lydopptak, og sjå bilete frå konferansen.
Vest-Telemark Næringsutvikling er ein av arrangørane når næringslivet inviterer til lyntogkonferanse i mai. - Vi står framfor eit paradigmeskifte i norsk samferdsel, og ønskjer å få fleire fagmiljø inn i diskusjonen om lyntog i Noreg, seier Jostein Soland på vegne av arrangørane.
Noko av sjarmen ved Vest-Telemark er dei utallige bygdene og smågrendene i regionen. Difor startar me no ein ny serie der me presenterer dei ulike bygdene og grendene i Vest-Telemark ein etter ein.