Strategi
- Reising av nye næringsbygg skal ha førsteprioritet for selskapet sitt arbeid. Det betyr at overtaking eller innkjøp av eksisterande bygg er lite aktuelt.
- Så snart leigetakarane har økonomisk evne og ynskje, skal dei kunne få overta bygga der dei har verksemda si.
- Ved sal skal overtakingsprisen ikkje settast lågare enn at kapitalen i selskapet kan vedlikehaldast og ha positiv utvikling
- Fellestiltak som næringshagar skal ha prioritet
- Selskapet skal ha nær dialog med stat, kommunar og lokalt næringsliv om behovet for nye bygg.
- I prinsippet skal det ikkje reisast nye bygg før det er leigeavtaler på minst 3/4 av leigearealet. I særskilte høve kan større areal stå ledig dersom det kommersielt er forsvarleg.
- Selskapet kan involvere seg i bygging av sentrumsnære leileghetar berekna for utleige til einslege, unge arbeidstakarar. Dette skal skje i nært samarbeid med kommune og Husbanken.
- Selskapet skal ta aktivt del i gjennomføring av tiltak i strategisk næringsplan der dette er naturleg
- Bygge opp eit sikkert driftsgrunnlag gjennom god forretningsdrift og tilstrekkeleg eigenkapital i selskapet.