HEIM > Aktør > Vest-Telemark Konferansen > Tidlegare konferansar > Konferanseprogram 2016


- ein spennande møteplass


Konferanseprogram 2016

Vekstkraft og omstillingsevne i Vest-Telemark

Vi samlar på nytt politikarar, privat næringsliv, offentleg tilsette og organisasjonar for å drøfte eit viktig tema for regionen. Dette er den 13. konferansen.

Vi er stolte over at vi år har fått Næringsminister Monica Mæland som hovudgjest. Ho skal snakke om næringspolitikk for ei ny tid og vår nye fylkesordførar, Sven Tore Løkslid, skal gje oss innblikk i kva tankar Telemark fylkeskommune har om vekstevna i Vest-Telemark. Christian Anton Smedshaug skal snakke om framtidsvyer i foredraget «Norge etter oljen – kva gjør vi nå?». Til slutt i denne bolken har Olav Veum ei samtale med foredragshaldarane.

Også i år har vi funne gode eksempel på lokale bedrifter som evnar å utvikle seg og satse til rett tid. Vi har eksempel frå landbruket (Skorve samdrift), turistnæringa (Vierli Turistsenter) og entreprenørbransjen(Knut Haugsjå AS). I år har vi også invitert ein ung forskar i akustikk (Bjørn Kolbrek).

Som avslutning har vi fått Einar Håndlykken frå  ODD til gje oss innblikk i korleis klubben har arbeidd for å bygge opp ODD med grøn profil og som ein klubb for heile Telemark.

Kulturinnslaga er ved Nissedal kulturskule og Kjetil Flatland frå Seljord.

Programmet avsluttast med ein konferansemiddag.

Vi ynskjer vel møtt til ein utfordrande dag og kveld!

> MELD DEG PÅ HER

13.30
 
Registrering.  Enkel servering
 
14.30
 
Opning
Kulturskulen i Nissedal
14.45
 

Næringspolitikk for nye tider – vekstkraft i Vest-Telemark
Næringsminister Monica Mæland

Kva gjer fylkeskommunen for å skape vekst i Vest-Telemark?
Sven Tore Løkslid, Fylkesordførar i Telemark

Norge etter oljen - hva gjør vi nå?
Christian Anton Smedshaug, AgriAnalyse

Debatt styrt av Olav Veum
 

16.30
 
Pause 
 
17.00
 
Vi satsar på Landbruk – hightech i Flatdal
Tore Mæland og Ottar Flatland, Skorve samdrift DA
Nye driverar – nye tankar?
Kristin Larsen og Håvard Bjørke, Vierli Turistsenter
Skogen i Vest-Telemark – kan vi ta han betre i bruk?
Anders Roger Øynes, AT Skog AS
18.00
 
Pause 
 
18.30
 
Kontinuerleg omstilling, ei utfordring som må taklast
Magne Haugsjå, Knut Haugsjå AS
Akustikk og trompetar
Bjørn Kolbrek, doktorgradsstipendiat ved NTNU
Grøn merkevarebygging, noko for Vest-Telemark?
Einar Håndlykken, ODD
20.00
 

Slutt

 

20.15-

22.30

Middag

 
 

Med helsing arbeidsgruppa for konferansen

Karl Torstein Hetland, Vest-Telemark ressurssenter
Kjell Gunnar Heggenes, Vest-Telemarkrådet
Haldor Kaasin, Vest-Telemark Næringsutvikling
Olav Veum, Vest-Telemark Næringsforum
Jon Svartdal, Vest-Telemarkrådet

4. februar 2015

man tir ons tor fre lør søn
       V      


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.