Konferanseprogram 2010
Nye arbeidsplassar i eksisterande bedrifter - utnyttar vi potensialet?
Ein attraktiv arbeidsmarknad er avgjerande for å vere ein attraktiv region. ”Eldrebylgja” vil i åra framover skape stort behov for arbeidskraft særleg i offentleg sektor. For å halde på innbyggjarar og tiltrekkje seg nye, må regionen kunne tilby ein mangfaldig og spanande arbeidsmarknad, ikkje minst i næringslivet. Korleis skal vi skape nye, lønsame og attraktive jobbar i privat sektor ?
Vest-Telemark konferansen 2010 ser med kritisk blikk på kva som skal til for å skape nye arbeidsplassar i Vest-Telemark. Kor er det truleg at eventuelle nye arbeidsplassar kjem? I kommunal, statleg eller privat sektor? Kor mange nye arbeidsplassar vert skapt i eksisterande bedrifter? Har næringslivet i Vest-Telemark eit sjølvstendig ansvar for å skape nye arbeidsplassar? Støttar det offentlege bare nyskapingar? Gløymer vi at det kanskje er lettare å skape nye arbeidsplassar i eksisterande bedrifter? Kva skal til for å modernisere og utvikle næringslivet i Vest-Telemark?
Tenk om dette var tilfellet:
”Frå 2011 skal all innovasjon, virkemiddel og utviklingsarbeid rette seg mot eksisterande verksemder. Nyetableringar skal skje gjennom knoppskyting frå etablerte verksemder… ”
Til innleiarar har vi invitert leiar av næringskomitéen på Stortinget, Terje Lien Aasland, til å snakke om politikk for nyskaping i distrikta, Bård Strandheim frå IKT-Grenland og Henrik D. Finsrud frå Arbeidsforskningsinstituttet skal snakke om næringsklynger som utviklingsmetode. Til slutt vil Ingebrigt Steen Jensen utfordre oss til å utvikle innovasjonskulturen i Vest-Telemark.
Som vanleg har vi spanande lokale innlegg som fokuserer på ulike delar av problematikken. Det vert innspel frå Novelda, Skorve Entreprenør, Dalen Hotel, Statkraft Region Øst-Norge, Vest-Telemark Næringsforum og Ola Roald AS Arkitektur. Kanskje blir du kjent med nye delar av næringslivet i Vest-Telemark?
Program
13.30
- Registrering. Enkel servering
14.00
- Opning. Kulturskulen i Tokke
14.15
- Politikk for nyskaping i distrikta. Terje Lien Aasland. Leiar av næringskomitéen på Stortinget.
- Næringsklynger – ein betre veg til nyskaping? Bård Stranheim, IKT Grenland. Henrik D. Finsrud, Arbeidsforskningsinstituttet.
15.30
- Pause
16.00
- TEMAFOREDRAG:
- Novelda - ei kompetansebedrift i Vest-Telemark. Dag Wisland, Novelda.
- Skorve Entreprenør – ei gasellebedrift i Vest-TelemarK. Per Ivar Magnushommen, Skorve Entreprenør AS.
- Kvifor i all verda investere i Vest-Telemark? Thor Halvorsen, Dalen Hotel.
Pause
-
Kan nyskaping i Statkraft kome i Vest-Telemark?
Rolf Normann, Statkraft Region Øst-Norge -
Har vi potensiale for nyskaping i Vest-Telemark?
Olav Veum, Vest-Telemark Næringsforum -
Prøvebustadprosjektet - eit nyskapande prosjekt
Sverre Sondresen, Ola Roald AS Arkitektur
18.15
- Pause
18.30
- Korleis utvikle innovasjonskulturen i Vest-Telemark? Ingebrigt Steen Jensen. Alltid. Uansett.
20.00 -22.00
- Middag
Med helsing arbeidsgruppa for konferansen
- Karl Torstein Hetland, Vest-Telemark ressurssenter
- Kjell Gunnar Heggenes, Vest-Telemarkrådet
- Haldor Kaasin, Vest-Telemark Næringsutvikling
- Elisabeth Lid, Vest-Telemark Næringsutvikling
- Olav Veum, Vest-Telemark Næringsforum
- Anne-Nora Oma Dahle, Vest-Telemarkrådet
4. februar 2010
| man | tir | ons | tor | fre | lør | søn |
|---|---|---|---|---|---|---|
| V |
