Konferanseprogram 2006
Ny energi til Vest-Telemark!
Vest-Telemark sitt vasskrafteventyr starta for 50 år sidan. I 2006 er det 50 år sidan konsesjonen for utbygginga av Tokke-anlegget vart gjeven. Dei store utbyggingsprosjekta innan vasskraft er det slutt på. Vi veit at den nye regjeringa satsar mykje på nye fornybare energikjelder. Kan Vest-Telemark vere med i utviklinga av andre fornybare energikjelder? Kva er mest aktuelt? Bioenergi? Hydrogen? Sol? Vind? Småkraftverk? For å kunne svare på dette spørsmålet treng ein kunnskap. På konferansen i år får vi vite kva regjeringa meiner om spørsmålet og om kva alternativ vi har.
Program
13.30
- Registrering. Enkel servering
14.00
- Opning. Kulturskulen i Seljord
14.20
- Vil Statkraft vere ein utviklingsaktør i Vest-Telemark i framtida? Konserndirektør Jørgen Kildahl, Statkraft
14.50
- Vil raud-grøn satsing på fornybar energi gje nye arbeidsplassar i distrikta? Statssekretær Henriette Westhrin, Miljøverndepartementet
15.35
- Pause
16.00
- TEMAFOREDRAG:
-
Ny fornybar energi i Statkraft
Rolf Jarle Aaberg, forskningskoordinator Statkraft -
Bioenergi i Vest-Telemark. Potensial for ny industri?
Petter Hieronymus Heyerdahl, UMB -
Er småkraftverk ei gullgruve?
Isak Liland, Småkraftforeninga
Pause på 15 min
-
Bioenergiprogrammet
Trond Hammeren, Innovasjon Norge -
Oppvarming av Morgedal hotell
Tarjei Gjelstad, Morgedal drift og vedlikehald -
”Frå kratt til kroner”
Kåre Kristen Totlund, Møre og Romsdal fylke
18.00
- Pause
18.15
- Paneldebatt. Tema: Ny energi til Vest-Telemark! Deltakarar: Henriette Westhrin, Gunn Marit Helgesen, Saamund Gjersund, Ketil Kvaale, Ole Chr. Røste. Debattleiar: Arne Vinje
19.25
- Avrunding
20.00-22.00
- Middag. Underhaldning av Trispann m/Aasmund Nordstoga
Med helsing arbeidsgruppa for konferansen
- Karl Torstein Hetland, Vest-Telemark ressurssenter
- Geir Ekre, Vest-Telemark ressurssenter
- Kjell Gunnar Heggenes, Vest-Telemark rådet
- Haldor Kaasin, DnB NOR
- Henry Mæland, Vest-Telemark Næringsutvikling
2. februar 2006
| man | tir | ons | tor | fre | lør | søn |
|---|---|---|---|---|---|---|
| V |
