Vandre lett gjennom skog med mosegrodd skogbotn, vandre langt oppe på høgfjellet med vide vidder og slake stiar, vandre trygt på merka rute med lokal informasjon i hand.
Vil du vandre på Hardangervidda, langs Telemarkskanalen, på ein fjelltopp, nær eit museum eller i eit lokalt sentrum? Vandreregionen i øvre Telemark byr på korte og lette vandreruter, lange og bratte toppturar og kultur- og naturopplevingar på godt merka ruter. Få informasjon på eit av dei lokale turistkontora i området.