Heim > Aktør > Samhandlingsreforma i Vest-Telemark > Aktuelt > Lovpålagte avtaler mellom Sykehuset Telemark HF og kommunane


-med brukaren i sentrum


Lovpålagte avtaler mellom Sykehuset Telemark HF og kommunane

08.11.11: I nytt lovverk er det no plikt for helseforetaka og kommunane og inngå samarbeidsavtaler.

Overordnet samarbeidsavtale

Samarbeidsavtalen mellom partane må alt vera vedteken i alle kommunane og i styret for helseforetaka innan 31. januar 2012 i tillegg til nokre delavtaler. Dei andre delavtalene skal vera på plass innan 1. juli 2012.

Målet med avtala er å konkretisere oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom kommunen og helseføretaket, samt å etablere gode samarbeidsrutinar på sentrale samhandlingstilhøve. Avtala skal bidra til at pasientar og brukarar mottar eit heilskapleg tilbod om helse- og omsorgstenester.

Partane skal i delavtaler og prosedyrar gi meir detaljerte reglar.

Delavtaler

  • Delavtale som handlar om retningsliner for innlegging i sjukehus
  • Delavtale om utskrivingsklare pasientar som ein trur har trong for kommunale tenester etter utskriving
  • Delavtale om omforente beredskapsplanar
  • Delavtale om akuttmedisinske kjeda
  • Delavtale om kommunale øyeblikkelig hjelpplassar
  • Delavtale om kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, forsking og praksis
  • Delavtale om samarbeid kring IKT – løysingar
  • Delavtale om førebyggingstiltak og pasientforløp for utvalde pasientgrupper
  • Delavtale vedrørande samarbeid om analyse av sjukehusforbruk
  • Delavtale om handtering av avvik og etablering av tilbakemeldings- og evalueringssløyfer
  • Delavtale som beskriv samarbeidsform med fastlegar og avtalespesialistar
  • Delavtale som beskriv prinsipp for medverknad frå pasient- og brukar-organisasjonar
  • Delavtale om jordmortjenesten

Det foregår eit samarbeid mellom kommunane og sjukehuset i Telemark for å få avtalene på plass. Samhandlingskoordinatorane i fylket leiar dette arbeidet.