Heim > Aktør > Øyfjell


- ei levande bygd i Vinje

Kontakt

Nettside:

E-post: annavlidSPAMFILTER@gmail.com <annavlidSPAMFILTER@gmail.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Øyfjell Utvikling:

E-post: oyfjell.utviklingSPAMFILTER@gmail.com <oyfjell.utviklingSPAMFILTER@gmail.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Tlf: 928 99 998 (Emilie)


Så moro at du stakk innom oss i dag!

Me serverar her ein smakebit av Øyfjell i tekst og bilete, og håpar denne vil vere til glede og nytte for både erfarne, ferske og potensielle sambygdingar, tilreisande og generelt nysgjerrige.

Velkomen til oss!

 

Kva skjer?

23 mai 2013

Me er ein gjeng som vil få til ein dugnad til terrengløype for syklar!

9 mai 2013

Går du og trippar etter å hoppe i bunaden, eta is dagen lang og marsjere slik delvis i takt til feiande flott korpsmusikk? Slapp av, det er bare nokon dagar att til 17. mai!

9 mai 2013

16. mai opnar Aud dørane til Bukkane Bruse Pub for siste gong i vår. Quiz og god stemning står på programmet!

26 april 2013

Sundag 28. april, frå kl. 11.00, har du høve til å møte andre olabilbyggarar på Øyfjell grendehus!

25 april 2013

Den årlege Vårdagen i Lårdal går av stabelen sundag 28. april!

Onsdag 17. april, kl. 19.00, går årsmøte i Øyfjell Utvikling av stabelen. Stripping og brennevin har blitt tatt av plakata i år, men det kan vera verd turen likevel! 

Måndag 15. april, kl. 18.30, er det årsmøte i Øyfjell Grendelag på Øyfjell grendehus

Etter to år med avlysingar var det endeleg gode forhold for Grendelåmi att. Og for ein fantastisk dag me fekk!

Onsdag 27. mars er du velkomen til ski- og akedag på Nedre Lega! Her blir det sno i fjeset, fregner på nasa og svartbrende pylser i magen!

Øyfjell Miniatyr- og pistollag har i fleire år arrangert skiskjoting for born på palmelaurdag. Etter innsats og talet på smil å døme vart det suksess i år òg!